Til foreldre

LAN organiseringa blir gjort gjennom undergruppa vår, FULK, og den har iverksatt ei rekke tiltak og rutinar for å sikre at våre deltakarar skal ha ein trygg og god opplevelse av vårt arrangement. Me har no fått på plass eiga vaktgruppe (Security Crew) som sørger for vakthold lokalt ved arrangementet.

 

Sjølv om me gjer alt me kan for å skape ein trygg og fin opplevelse for barnet ditt på LAN, er det likevel viktig å påse at foreldre og deltakarar tar visse førehandsreglar før- og under LAN. Me vil sjølvsagt bistå med å etablera kontakt med føresette ved behov, samt hjelpa til med å løyse store og små utfordringar som kan oppstå undervegs.

Det er forelders ansvar å besørge at deltakar får tilstrekkeleg med mat, søvn og tilsyn under LANET. Dersom deltakar har ein medisinsk tilstand (epilepsi, allergi, sukkersyke osv.) som me som arrangørar burde vere klar over, bør dette førast på eit fullmaktsskjema for deltakarar under 18 år.

Alder: Me har ingen nedre aldersgrense på LAN. Erfaringsmessig pleier dei yngste å vere 13-14 år gamle. Dette er ein alder me føler at deltakar er i stand til å ta vare på seg sjølv, men me held eit ekstra auge med dei aller yngste.

Rus: Me har nulltoleranse for rusmidlar, og deltakarar som overtrer dette blir bortvist.

Nedfor finn du åtte gode anbefalingar som deltakarane bør følgje for å få eit vellukka LAN. Diskuter dei gjerne med din son eller dotter. Kontakt oss gjerne om du har spørsmål – Klikk HER

Har du huska å pakke med alt du treng til LAN? Om ikkje, ta ein tur inn på Pakkelista vår!

1. VIKTIG Å TA MED

Ta med deg din eigen komplette PC, bærbar eller stasjonær. I tillegg må du ha med ein nettverkskabel, minimum 5 meter lang. Du må og ha med ein strømpad, med kabel som er minimum 1 meter lang, men gjerne lenger.

2. SOVING

Det er gode muligheter for å overnatte på LAN. Ta i så fall med deg sovepose/madrass. Alle treng søvn, og erfaringsmessig får man betre utbytte av LAN om ein sover regelmessig. Det er eigne avsatte soveområder der ein kan legge ut madrassa si.

3. Hygiene

Ta med deg toalettsaker og håndkle. Det er dusjar i Samfunnshuset, og du føler deg meir opplagt når du er rein og har pussa tenner. Ta også med deg klesskift, og gjerne ein varm genser i tillegg, blir kanskje holdt konkurransar ute.

4. Mat og drikke

Ta med deg mat og drikke, eller penger til mat og drikke. Me har kiosk på LANET med rimelige priser, og det er butikkar i nærleiken. Me har vasskokar og mikroovn/ovn om du vil varme opp mat. Andre ting du kan ta med er ein tørkerull om du skulle søle, og ei pute å sitte på om du ikkje har datastol. Husk mobilladar!

5. Tinga dine

Ta vare på tinga dine. EUL tek ikkje ansvar for gjenstander som kjem vekk under arrangementet. Erfaringsmessig skjer dette svært sjeldan, og som oftast fordi ting blir forlagt eller gløymt. Ta med ein sekk der du puttar mobiltelefon, mus, eksterne diskar og andre verdifulle smågjenstandar når du skal sova eller vere vekke frå plassen din. Me samlar opp gjengløymte gjenstandar av ein viss verdi, men tar berre vare på dei i nokre dagar.

6. ALKOHOL OG RUS

Ta ikkje med deg alkoholholdige drikker eller rusmidlar til LAN. Me har nulltoleranse for rusmidlar, og deltakarar som overtrer dette vil bli bortvist. Røyking foregår utanfor Samfunnshuset.

7. Ta ansvar

Ta ansvar for deg sjølv. På LAN er det ingen som passar på deg og fortelljer deg at du skal sove eller ete eller at du må passe på tinga dine. (Men hjelp gjerne andre deltakarar med å ta vare på seg sjølv.) Les beskjedene som kjem på storskjermene i salen, og lytt til meldingane som kommer på PA-anlegget.

8. Følg beskjedar

Gjør som crewet seier. Dei fleste som jobbar som crew på LAN har vert med lenge, og har og erfaring frå andre dataparty. Dei gir ikkje beskjedar for å vere vanskelege, men for at alle som er deltakarar skal ha det kjekt. Switcher som dekkes over av kleder blir eksempelvis varme og sluttar å virke – då mistar du og mange andre nett. Strømkretser som overbelastes slik at sikringa går, kan ramme fleire titals deltakere.