Pakkeliste

 Det er viktig å vere godt forberedt til LAN, og derfor har me satt saman ei huskeliste over kva ein må huske å pakke med.

Datautstyr

Dei fleste LAN deltakarar har med eigen PC, men nokon tar også med konsoll (Playstation, X-box, etc). Det er heilt OK å ta med begge deler, men vær OBS på at du har begrensa plass tilgjengelig på bordet.

  • PC, skjerm og kabler.

  • Mus og tastatur

  • Hodetelefoner / Headset

  • Nettverksledning (5-10 meter)

  • Konsoll, kontrollere og utstyr

  • Mobiltelefon og lader

Skulle du mangle noko til datamaskina di, så ta kontakt med crewet. Det kan hende me har tilgjengelig diverse deler. Husk og at det er lov å ta med ein god stol å sitte i!

 

Personleg​​

  • Gode sko, og gjerne fleire par.

  • Sovepose og egna liggeunderlag, f.eks. luftmadrass eller ei vanleg madrass. Veldig greit å ha eit varmt teppe eller dyne tilgjengelig og.

  • Me anbefaler å ta med bankkort, men kontantar kan også takast i bruk.
     

Hygiene

Om du har planer om å ta i bruk moglegheita til å sove på LANET anbefaler me å ha eit skift med reine klede, spesielt sokkar og undertøy. Ta med håndkle, såpe og dusjsaker. Me har tilgjengleg garderobe om du skulle ha lyst til å ta ein dusj!

Me er veldig opptatt av hygiene, og er spesielt opptatt av at du vasker hender etter toalettbesøk, og før du skal ete.

  • Såpe og shampoo.

  • Tannbørste og tannkrem.

  • Deodorant (Og ja, du må bruke den.)

  • Medisiner o.l.

  • Hårstash, strikk(?).

  • Håndkle.
     

Nokre ting kan du legge igjen heime..

  • Kjøleskap og andre kjøkkenartiklar

  • Vannkokarar er strengt forbudt (Dette er noko me har tilgjengelig)!

  • Høgtalarar og musikkanlegg.

  • Ulovlege midlar og substansar (Du veit kva me meinar ..!)

  • Knivar og andre farlege gjenstandar. 

Fusa Kraftlag

Go to link