Pakkeliste
Det er viktig å vere godt forberedt til LAN, og derfor har me satt saman ei huskeliste over kva ein må huske å pakke med.
Datautstyr
Dei fleste LAN deltakarar har med eigen PC, men nokon tar også med konsoll (Playstation, X-box, etc). Det er heilt OK å ta med begge deler, men vær OBS på at du har begrensa plass tilgjengelig på bordet.
-
PC, skjerm og kabler.
-
Mus og tastatur
-
Hodetelefoner / Headset
-
Nettverksledning (5-10 meter)
-
Konsoll, kontrollere og utstyr
-
Mobiltelefon og lader
Skulle du mangle noko til datamaskina di, så ta kontakt med crewet. Det kan hende me har tilgjengelig diverse deler. Husk og at det er lov å ta med ein god stol å sitte i!
Personleg
-
Gode sko, og gjerne fleire par.
-
Sovepose og egna liggeunderlag, f.eks. luftmadrass eller ei vanleg madrass. Veldig greit å ha eit varmt teppe eller dyne tilgjengelig og.
-
Me anbefaler å ta med bankkort, men kontantar kan også takast i bruk.
Hygiene
Om du har planer om å ta i bruk moglegheita til å sove på LANET anbefaler me å ha eit skift med reine klede, spesielt sokkar og undertøy. Ta med håndkle, såpe og dusjsaker. Me har tilgjengleg garderobe om du skulle ha lyst til å ta ein dusj!
Me er veldig opptatt av hygiene, og er spesielt opptatt av at du vasker hender etter toalettbesøk, og før du skal ete.
-
Såpe og shampoo.
-
Tannbørste og tannkrem.
-
Deodorant (Og ja, du må bruke den.)
-
Medisiner o.l.
-
Hårstash, strikk(?).
-
Håndkle.
Nokre ting kan du legge igjen heime..
-
Kjøleskap og andre kjøkkenartiklar
-
Vannkokarar er strengt forbudt (Dette er noko me har tilgjengelig)!
-
Høgtalarar og musikkanlegg.
-
Ulovlege midlar og substansar (Du veit kva me meinar ..!)
-
Knivar og andre farlege gjenstandar.