Kven er vi?

Om oss

Eikelandsfjorden Ungdomslag har vert tilstades i fleire år. Dei siste åra har det ikkje vert så mykje aktivitet, men i 2017 fekk EUL på ny eit fungerande styre. Me er eit styre på seks personar med alder mellom 20 - 26. EUL har lyst å tilby noko for alle og jobbar derfor aktivt for å oppnå dette. Me har lyst å vere ein aktiv bidragsytar som kan hjelpe til og sørgje for at Fusa forblir ein attraktiv kommune å busette seg i. 

Vårt hovudfokus ligg på dei yngre og ungdommane i Fusa kommune. Det å kunne tilby rusfrie arrangement og moglegheita til ein sosial omgang er positivt og me ser på dette som ein god måte å inkludere alle.

Kunne du tenke deg å ta del i vårt arbeid? Dørene våre er alltid opne for nye engasjerte sjeler.