Kvifor bli medlem i EUL?

- Du får rabatterte prisar på billettar.

- Du får stemmerett på årsmøtet til ungdomslaget.

- Du får moglegheit til å reise på kurs og seminar.

- Om du blir med og deltar som friviilig, har du moglegheit til å vinne frivilligprisen.

- Du får moglegheit til å vere med å påverke kvardagen til andre i kommunen.

Kva ynskjer me av deg som medlem?

EUL set ingen krav til sine medlem, men me vil gjere dei som vel å vere med oppmerksomme på ein ting. 

For å få til arrangement og hendingar så treng me hjelp frå våre medlem og lokale i Fusa kommune. Åleine som lag klarer me ikkje mykje, men om me får hjelp på frivillig basis så kan DU vere med å endre holdningar, miljøet og trivselen i kommunen. Dette er punkt pengar ikkje alltid har så stor makt over.

Me i Eikelandsfjorden Ungdomslag set stor pris på all hjelp me kan få og er svært takknemlige for dei som til no har vert med og stilt opp.

Så kva tenker du? Vil du vere med å gjere ei forandring?